Tårer som rann
av Ragnhild Hanssen

Tekst: Ragnhild Hanssen
Melodi: Ragnhild Hanssen — 2012

Sangtekst

Tårer som rann, ei liding så stor
svikta av vener som sat ved ditt bord
Aldri eg skjønar kva du lei for meg
men, Jesus, eg vil berre takka deg

Takk at du sona for synda mi stor,
Takk at du døydde for heile vår jord,
Takk at din kjærleik er sterkast av alt,
Takk at du stod opp og alt er betalt!

Tornene stakk deg og piskeslag svei
Krossen var tung, og der døden du lei.
Hånord og spott, alt du tålte for meg
Ja, Jesus, eg vil berre takka deg

Takk at du sona for synda mi stor,
Takk at du døydde for heile vår jord,
Takk at din kjærleik er sterkast av alt,
Takk at du stod opp og alt er betalt!

Steinen var borte, du stod opp igjen
Alt var fordi du vil vera min venn
Livet som spirar det minner om deg
Takk, Jesus, at du vann siger for meg!

Takk at du sona for synda mi stor,
Takk at du døydde for heile vår jord,
Takk at din kjærleik er sterkast av alt,
Takk at du stod opp og alt er betalt!