Kom, lat oss jubla for Herren
av Bjørg Marit, Magnus, Malin og Sverre Notland

Tekst: Frå Salme 95, 1-3 og 6-7
Melodi: Bjørg Marit Notland — 2012

Sangtekst

Kom, lat oss jubla for Herren
Kom, lat oss jubla for Herren!
Lat oss ropa med fryd for vår klippe!
2X
For Herren er ein stor Gud,
ein stor konge over alle gudar,
Herren er ein stor Gud, ein konge.
2X
Lat oss tre fram for hans åsyn!
Lat oss jubla for han med salmar!
2X
For Herren er ein stor Gud,
ein stor konge over alle gudar,
Herren er ein stor Gud, ein konge.
2X
Kom, lat oss tilbe og bøya kne,
lat oss knela for Herren vår skapar!
For han er vår Gud og vi er folket han før,
hjorda hans hand leier

Kom, lat oss jubla for Herren!
Lat oss ropa med fryd for vår klippe!
2X
For Herren er ein stor Gud,
ein stor konge over alle gudar,
Herren er ein stor Gud, ein konge.
2X