Kom, Heilage Ande
av Ragnhild Hanssen

Tekst: Ragnhild Hanssen
Melodi: Ragnhild Hanssen — 2011

Sangtekst

Kom, Heilage Ande
Kom, fyll oss med kjærleik frå Gud
Lat kjærleikens lys få skina livet ut
Kom, Heilag Ande
Kom, vis oss kva Jesus har gjort
Lat frelsarens verk for alle verta stort!

Kom med lys og nåde til oss
Hjelp oss alle til å sjå
Syn oss synda i vårt hjarta
Så til Jesus me må gå
Han vil gje oss full forlating
Eit nytt hjarta vil me få
Heilag Ande, vis oss Jesus
Det er Han me stolar på!

Kom, Heilage Ande
Kom, fyll oss med kjærleik frå Gud
Lat kjærleikens lys få skina livet ut
Kom, Heilag Ande
Kom, vis oss kva Jesus har gjort
Lat frelsarens verk for alle verta stort!

Kom med lys og peik på Jesus
Peik på alt som han har gjort
Fyll oss kvar ny dag med takksemd
at han opna himlens port
Kom med fred og takk i hjarta
Lat oss jubla høgt i lag
Me vil syngja om vår frelsar
Han du viser oss kvar dag!

Kom, Heilage Ande
Kom, fyll oss med kjærleik frå Gud
Lat kjærleikens lys få skina livet ut
Kom, Heilag Ande
Kom, vis oss kva Jesus har gjort
Lat frelsarens verk for alle verta stort!